Tilgangserklæring – Nasjonal portal for bekymringsmelding

Alle skal ha like moglegheiter til å bruke Nasjonal portal for bekymringsmelding. Målet vårt er å gjere innhaldet så tilgjengeleg som mogleg for alle brukarar. Tenesta er under kontinuerleg utvikling. Ved alle endringar i portalen er universell utforming og etterleving av WCAG-krava sentralt. For tilgangserklæringar frå kommunane som er kopla til portalen, viser vi til kommunane sin nettstad.

Tilgang til nettsida

  • Løysinga er utarbeidd etter klarspråksprinsippa og er brukartesta.
  • Webskjemaet skal vere enkelt å fylle ut. Der felt ikkje blir fylte ut automatisk eller ikkje krev eit predefinert format, er det eit bevisst val.
  • Dei fleste WCAG-krava er oppfylte.

Desse punkta vil vi utbetre i næraste framtid

  • I staden for å kode alle enkeltsetningar som ikkje er omsette til nynorsk, engelsk og nordsamisk enno, vil vi snarast omsette dei tekstane som ikkje er omsette.
  • Meir informasjon om korleis vi jobbar med å oppfylle WCAG-krava, finn du i WCAG-sjekklista på Fiks-portalen. Sjekklista blir oppdatert etter kvart som vi testar og forbetrar nettsida.

Hjelp oss til å bli betre på universell utforming

Si gjerne fra hvis du opplever problemer med å bruke nettsiden, eller om det er noe annet vi kan gjøre for å bli bedre på universell utforming. Send oss en e-post: fiks@ks.no. Ta kontakt med kommunen hvis du trenger mer informasjon om hvordan kommunen jobber med universell utforming.