BEKYMRINGSMELDING

Personvernerklæring for Nasjonal portal for bekymringsmeldingar

Portalen på https://bekymringsmelding.fiks.ks.no/ er utarbeidd for norske kommunar av kommunesektoren sin organisasjon KS og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Tenesta gjev deg høve til å sende bekymringsmeldingar elektronisk til barnevernet.

For å bruke tenesta må du oppgje personopplysningar som namn og kontaktinformasjon. Du kan kjenne deg trygg på at vi handterer alle personopplysningar på ein sikker måte. Dersom du har spørsmål om denne personvernerklæringa eller ønskjer meir informasjon, ta gjerne kontakt med oss på fiks@ksdigital.no.

Lovreguleringar og lovgrunnlag for behandling av personopplysningar

Vi har etter lovverket ansvar for at all informasjon som blir samla inn og behandla gjennom bekymringsmeldingstenesta, er tilstrekkeleg sikra. Det er fleire lover som regulerer behandlinga av personopplysningane:

  • Personopplysningslova og EU si personvernforordning (GDPR)1 regulerer kva for personopplysningar kommunen og KS kan behandle, og korleis vi kan forvalte opplysningane.

  • Kommunen har rett til å behandle opplysningar som kjem fram av innhaldet i innkomne bekymringsmeldingar, medrekna personopplysningar, etter barnevernslova § 2-1 første ledd.2

  • I tillegg til regelverket om personvern er det også anna lovverk som stiller krav til korleis opplysningar om enkeltpersonar skal sikrast, som eForvaltningsforskrifta.3

Kommunen er behandlingsansvarleg

Kommunen som tek mot bekymringsmeldinga, har det overordna ansvaret for behandling av personopplysningane.

Personvernombodet i kommunen kan hjelpe deg

Alle kommunar har oppnemnt sitt eige personvernombod. Personvernombodet kan hjelpe deg dersom du har spørsmål om innsyn, retting, sletting eller uthenting av informasjon om deg. Kontaktopplysningar til personvernombodet i kommunen din finn du på kommunen si nettside.

Personopplysningane blir ikkje utleverte til andre enn barnevernet

Opplysningane som blir samla inn og behandla i samband med bekymringsmeldingstenesta, blir ikkje leverte ut til andre enn den aktuelle delen av barnevernet i kommunen.